

Pent antrekk. Alt frå bunad til smoking er lov!
Toastmaster for dagen er Christian Sandqvist Smith. Han kan nåast på tlf. 92225881.
Talar eller andre innslag bør meldast til Christian i god tid og seinast innan 1. september 2025.
Det vert servert tre retters middag med drikke til maten. Etter dessert vert det høve til å kjøpe drikke i baren.
Vi ber om at dei av dykk som har eventuelle allergiar eller preferansar (vegetar/vegan) melder frå om dette i god tid før dagen.
Vi har leigd fotograf som skal fylje oss frå morgon til kveld. For å legge best mogleg til rette for flotte bilete, både av oss og av gjestane våre, så håper vi at de vil la mobilkameraa kvile og overlate til fotografen å fange dei forhåpentleg mange fine augeblikka gjennom dagen.
På den måten får både de og vi vere heilt til stades i stunda, vi får gleda av å møte blikka dykkar og vi slepp at alle gjestane sine fine fjes vert gøymde bak mobilen på fotografbileta. Vinn vinn vinn ☺
Vi delar sjølvsagt bilete frå dagen med alle som måtte ynskje det.
Etter at fotografen har forlete oss er det fritt fram. Dersom de fangar eit blinkskot eller ti vil vi gjerne sjå dei!
Vi rakk å verte vaksne før vi fann kvarandre og med samanslåinga av husstandane våre har vi alt vi treng av saker og ting. For tida er vi i full gang med totalrenovering av det som vert draumehuset. Vi har avgrensa med oppbevaringsplass fram til huset er innflytningsklart og har heller ikkje teke alle val for innreiing enno, så difor vert det vanskeleg å ynskje seg konkrete ting på noverande tidspunkt. Vi vert difor aller gladast for pengegåver til litt større investeringar i den nye heimen vår. Vi har likevel forståing for ynskjet om å ha bidrege til noko konkret med ei pengegåve, så de står sjølvsagt fritt til å øyremerke pengane til eit bestemt formål. Nokre innkjøp vi veit vi skal gjere:
- Spisestuemøblar
- Barstolar til kjøkkenøy
- Lampar til spisestue og kjøkkenøy
- Kunst
- Hagemiljø (tre, plantar, utemøblar m.m.)
Vi har oppretta konto for pengegåver: 9489 06 82345
I tilfelle nokon likevel ynskjer å kjøpe ei gåve har vi oppretta ynskjelister hos Kitchn og Designforevig.