Ingeborg og Sigbjørn foto
Ingeborg og Sigbjørn foto
tilbake-knapp
PRAKTISK INFORMASJON

Om festlokalet

Horisont Fosnavåg er næringsbygget som rommar forretningslokala til rederiet Ervik og Sævik og fleire andre maritime bedrifter i Fosnavåg på næringsområdet Mjølstadneset, rett i nærleiken av barndomsheimen til bruda. Bygget sto ferdig sommaren 2022 og ligg flott til ved kaikanten med utsikt utover Holmefjorden.

Reiar Rita Sævik er ein av få kvinnelege kunstsamlarar her til lands, og ho har spreidd si samling av samtidskunst ut over tre etasjar på Horisont. De kan lese meir om samlinga her. I tillegg rommar bygget kunstgalleriet R/ART og restauranten Black and Gold, der vi skal halde bryllaupsfest.

Kunstgalleriet vil vere ope for gjestane våre og det er den anerkjende kunstnaren Håkon Gullvåg som stiller ut.

Horisont Fosnavåg ligg om lag 5 minutt med bil frå Fosnavåg sentrum. Det er god parkeringskapasitet utanfor lokalet, men sjå også informasjon om transport lenger nede.

Overnatting

Vi skal bu på Thon Hotel Fosnavåg heile bryllaupshelga. Hotellet har opplyst at dei no er fullbooka, men at det er mogleg å stille seg på venteliste ved å ta kontakt med hotellet på fosnavag@olavthon.no eller telefon 700 81 000 (val for resepsjon).

Fosnavåg har også fleire fine overnattingsstader, sjå oversikt på nettstaden til Herøy Næringsforum.

Transport

Næraste flyplassar er Ålesund lufthamn på Vigra utanfor Ålesund og Hovden flyplass i Ørsta.

For dei som bur langs kysten kan det vere likså fint å reise til Fosnavåg med Hurtigruten eller Havila Kystruten, som legg til kai i Torvik med både nordgåande og sørgåande rute.

For transport lokalt finn de kontaktinformasjon til Herøy Taxi her.

Transport på bryllaupsdagen

Vi syter for busstransport frå Thon Hotel Fosnavåg til festlokalet etter vigsla. Bussen går frå hotellet kl. 15.50. Møt opp ved hotellresepsjonen, så vil bussen stå utanfor hovudinngangen.

Etter at festen er over vil det bli busstransport tilbake til hotellet. Dette blir etter at baren er stengt, mellom kl. 02.00 og 02.30.

Vi kan også køyre ei runde rundt midnatt dersom nokon ynskjer å avslutte kvelden då. Gi i så fall beskjed til toastmaster Christian om dette.